fredag 13. mars 2009

Tjobing folkens!
I dag begynner turen til Brasil! I dag på fredag den 13 sett heile gruppa kursen til austlandsområdet der overnatte me til i morgon. Så flyr me til London før me hiv oss på siste fly til Sao Paulo. Der håpar me at det kjem nokon for å vise oss til leilegheita me skal bu i medan me jobbar på Abrac. I slutten på månaden vender me nasesnasen mot Rio. Der har me funne eit vandrarheim me skal tilbringe 9 netter medan me utforskar byen. Etter dette reiser me til paradisøya Ilha Grande for å feire påske på godt norsk vis, på ei hytte i jungelen. Etter dette har me ei veke før me skal tilbake til gammlelandet der me ikkje heilt veit kva me skal gjer, så hvis nokon har nokon tipps vert me glade for det.

Til dåke som les dette: kult om de vil vera følgjera av bloggen vår, då føler me oss ikkje så einsame i det store utland.
-Torstein-
Følg med!

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Aiai, spanande saker, sjølvsagt mest for dokke som er på farta, men òg for oss på heimebøen. Det er flott med utferdstrang, flott å ta utfordringar, flott å oppleve andre kulturar, men^`og flott å få erfare og kunne reflektere over eiga livsutfalding i høve til andre folkeslag sine føresetnader for å leve "det gode liv". Lykke til alle 7, både med studiprosjektet og feriebiten, og GOD TUR !
    -IdarR, Katrine sin pappa-

    SvarSlett